Hopp til innhald

Color Line Setesdal Tour

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. mai 2016 kl. 07:51 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert med nye opplysninger etter rittet i 2016)

Color Line Setesdal Tour er eit sykkelritt frå [[:no:Kristiansand|Kristiansand til Hovden. Rittet går siste lørdag i mai og er 212 km langt.

Frå Byglandsfjord under Color Line Setesdal Tour i 2015.

2016

Rittet blei kjørt lørdag 28. mai 2016 i overskya ver, og med litt lett regn nordover i Setesdal. Catsj 4.59.59 klarte endeleg å sette ny løyperekord, og kome under fem timar, etter to tidlegare forsøk som ikke lukkast i 2014 og 2015. Den nye løyperekorden er på 4.55.02. 17 ryttarar frå Catsj fekk registrert denne tida. Sub Region Sør og Team Kjekkas kom på dei neste plassane. Også Sub Region Sør klarte å bryte femtimars-grensa. Best i kvinneklassen var Siren Breidalen Wulff frå Kristiansands Cykleklubb, med tida 5.27.09. Omlag 1 400 ryttarar fullførte løpet.

2015

Rittet gjekk lørdag 30. mai 2015 i grått og kaldt ver. Catsj 4.59.59 kom først i mål på tida 5.10. Forsøket på å kome under fem timar lukkast ikkje under dei forholda som rådde.

2012

Dette året gjekk rittet 26. mai 2012 i strålande solskinn. Flekkerøyekspressen kom først i mål på tida 6.23.

Kjelder

  • Espen Sand, Til Hovden med gjennomrustet sykkel fra krigen, artikkel i Fædrelandsvennen 30. april 2016, side 32-33

Eksterne lenker