John Olav Uleberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. mars 2016 kl. 15:24 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (John Olav Uleberg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
John Olav Uleberg
Født: 12. oktober 1945 (80 år)

John Olav Uleberg (fødd 12. oktober 1945 på Uleberg) tok eksamen på Hornnes landsgymnas i 1965. Han hadde og yrkesskule og skogskule før han tok utdanning i skogbruk på Norges Landbrukshøgskole i 1972.

Deretter arbeidde han til 1979 ved Norsk institutt for skogforskning. Frå 1979 var han teknisk konsulent i Agder Skogeigarlag. Der hadde han ansvar for arbeidet med skogsvegar og skogsbilvegar og samarbeidde mykje med Saavi Nomeland. «Det var Saavi som lærde meg det som er verd å vete om skogsvegar,» sa han i eit intervju. Etter åtte år i skogeigarlaget vart han skogbrukssjef i Åseral og Audnedal, og der var han til han gjekk av med pensjon.

Kjelder