Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder 1984-2009

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2016 kl. 11:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til en kilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokomslaget

Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder 1984-2009 er ei lita og nyttig bok på 55 sider. Forfattar var Sigmund Skomedal frå Evje, og boka vart gjeven ut i samband med 25-års jubileumet til Konsesjonskraftfondet i 2009. Boka er utan ISBN-nummer.

Konsesjonskraftfondet

Konsesjonskraft er eit særnorsk fenomen, og har kome i stand for å halde att litt av verdiskapinga der krafta vert produsert. Dette er eit samarbeid mellom Aust-Agder Fylkeskommune og dei 10 kommunane i fylket som har konsesjonskraftrettar. Kvart 4. år er det nye politikarar som saman med ein liten og effektiv administrasjon skal føre fondet vidare. I 2009 var det Arne Tronsen som var dagleg leiar og Bjørgulv Sverdrup Lund var styreleiar. I 2014 blei samarbeidet utvida til å omfatte Vest-Agder også. Det utvida samarbeidet har fått namnet Konsesjonskraft IKS.

Innhald

  • Kraftfulle Otra
  • Åmli Kraftverk
  • Longerak Kraftverk
  • Konsesjonskraft. Lovgrunnlaget
  • Sira-Kvina
  • Sira-Kvina domen
  • Aust-Agder går sin eigen veg
  • Konsesjonskraftfondet
  • Fylkeskommunen vaknar
  • Ny konsesjonskraftavtale
  • Setesdalspakka
  • Setesdal Regionråd
  • Aust-Agder næringsselskap AS
  • Store verdiar
  • Nåljos og avundsjuke
  • Ei ny krafttid - utan konsesjonskraft?
  • Reiårsfossen i Bygland, verna for glede i framtida

Kjelder