Flatebygd - heimbygda mi
Flatebygd - heimbygda mi er ei bok skrive av Erik Kjebekk med minne han har etter oppveksten i Flatebygd i Evje på 1950- og 1960-talet. Det er også nokre kapittel i boka der han fortel om personar og forhold før hans eiga tid. Boka er utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag i desember 2015. Ho er trykt hos Setesdalstrykk. Ho er å få kjøpt på Norli Evje og hos Bernt Gautestad i Sogelaget. 114 sider.
Innhald
- Flatebygd på 1950-talet
- Tveit - Nordbø - Flåt
- Østerhus
- Barneår på Åvesland
- Julefeiring i mine barneår
- Det vart ingen slåsskamp
- Bestemor
- Husmor og misjonskvinne
- Eldre dyktige skihopparar frå Flatebygd
- Storhoppar Jørgen Nordbø
- Feltspatkompaniet - hundre år sidan starten
- Frå øygard til gardsbruk og hyttegrend
- Hova på Klepsland og dei som budde der
- Jul på Klepsland i gamle dagar
- «Eg syng av røynslur fra livsens strid og um voner bak død og grav»
- Landpostbod Ånen Bjorland minnest strabasiøse turar til Gautestad
Kjelder
- Boka
- Sigurd Haugsgjerd, - Glad for å få vekse opp i Flatebygd, artikkel om bokutgjevinga i Setesdølen nr. 100, 2015, side 9