Høgetveit feltspatgruve

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. november 2015 kl. 11:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Høgetveitgruva Evje)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgetveit feltspatgruve er ei nedlagt feltspatgruve på garden Høgetveit i Evje og Hornnes. Gruva var ei av dei beste feltspatgruvene i Evje. Det skal ha vore drift i gruva seinast frå 1898. Eit selskap kalla «AS Sørlandske Feltspatgruber» stod då for drifta. I dei beste åra, framover mot 1930, blei det drive ut 25.000-30.000 tonn feltspat av gruva. Feltspatkompaniet overtok drifta i 1927. Då var det mest bare kvart igjen.

Kjelder