Breive

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. november 2015 kl. 11:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Endret kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk

Breive er ei grend i Bykle kommune, nord-vest for Hovden, langs nordsida av Breivevatnet, øvst i Setesdal. Grenda har utvikla seg frå Breivegardane, som er gardsnummer 1 i kommunen. Bustadene i Breive er stort sett gardsbruk. Det er også ein god del fritidsbustader i området.

Pollenanalysar syner at det i Breive har vore drive med husdyrbruk heilt attende til slutten av yngre steinalder, ca 2800 f. Kr., og at her har vore korndyrking frå 500-talet og fram til byrjinga 1900-talet, berre avbrote av eit par hundreårs øydetid etter Svartedauden. Andre kjelder stadfestar at det temmeleg sikkert har budd folk på Breive året rundt frå 500-talet til kring 1350, og sidan frå midten av 1500-åra.

Kjelder

Kart

Laster kart ...