Oscar Jebsen
Oscar Henrik Jebsen (fødd 1878 i Bergen, død 17. september 1962 i Bygland) var direktør ved Høie Fabrikker på Mosby i Kristiansand og eigar av heiegarden Ånebjør sør-vest i Bygland frå 1908. Han kjøpte opp alle fire bruka på Ånebjør, garden Myhola og nokre teigar frå andre gardar. Ånebjør vart den største garden i heile Bygland kommune.
Oscar Jebsen var Riddar av St. Olavs Orden.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, band 1, utgjeve av Bygland kommune, 2002, side 482-484
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 233-234