Verefossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. september 2015 kl. 23:58 av Reidar T (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Midtre delen av Verefossen.

Verefossen buldrar seg gjennom skogen ovanfor Vik, på vestsida av Årdalsfjorden. Berre under stor vassføring er øvste del av fossen synleg frå avstand, og då som ein kvit flekk øvst oppe i den skogkledde heia.

Veråni, som utgjer Verefossen, kjem frå Ormslivatn, 578 meter over havet, og renn ut i Byglandsfjorden. Åna er i fall i heile si lengd med unnatak gjennom den store myra Verestean, men hovudfallet på rundt 50 meter er Verefossen. Dette er ikkje noko loddrett fall, men vatnet renn nedover sva og revner og høyrest på lang avstand når vassføringa er stor.

Så vidt ein veit så har ikkje fossen vore nytta til kvern eller sag, helst fordi det ikkje har vore noko busetnad i området. Men ein har då nytta fossekreftene til å draga slipestein i det minste.

Kart

Laster kart ...

Kjelder