Valle Sparebank
Valle Sparebank er ein liten, sjølvstendig og særs solid sparebank, stifta 24. mars 1866 i Valle, der hovudkontoret framleis ligg.
Forvaltningskapital
Banken sin forvaltningskapital pr.31.12.07 er på 1.026 mill. kr, med ei solid kapitaldekning på 19,21% (styresmaktene sine krav er på 8%). Banken har kundar over heile landet, mykje takka vere utflytta setesdølar. Ein filial ligg på Rysstad, og eit avdelingskontor i Kristiansand.
Banken dekker dei fleste banktenester, slik som innskot, utlån, kort, betalingsformidling, valuta, forsikringar, aksjehandel på internett og personleg økonomisk rådgjeving.
Kvart år deler banken ut gåver til lag og organisasjonar i området den dekker. Sjå Valle Sparebank si gåvetildeling 2010.
Tilknytning
Saman med 77 andre norske sjølvstendige sparebankar er Valle Sparebank medeigar i Terra-Gruppen AS.
Tilsette
Valle Sparebank har 17 tilsette. Dei utfører i underkant av 14 årsverk.