Valle kommune VIII, Kultursoge 2

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. september 2015 kl. 08:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Valle kommune VIII, Kultursoge 2 - bok)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle kommune VII, Kultursoge 2 er andre del av kultursoga til Valle kommune. Forfattarar er Leonhard Jansen og Alfred Ryningen. Utgjevar er Valle kommune. Boka kom ut i 1994. ISBN 8299133475. Ho har 626 sider.

I føreordet skriv forfattarane at dei i band VIII ser nærare på fleire einskildemne, tekne frå nokså ulike område. Emna har likevel alle saman hatt med dagleglivet til setesdølane å gjere. Tilnærmingsmåten har for ein stor del vore praktisk, mest mogeleg jordnær. Det er få statistikkar og tabellar i dette bandet. Kanskje, seier forfattarane, kan ein seie at første delen av kultursoga er historie og denne andre delen for ein stor del etnologi?

Innhald

Band VIII har desse hovudkapitla:

  • Gard og tun
  • Arbeid
  • Gardsdrift
  • Husdyr
  • Jakt, fangst og fiske
  • Handverk
  • Kommunikasjonar
  • Høgtider og merkedagar
  • Skulen
  • Helse- og fattigstell
  • I kongens klede
  • Målet