Sambandsvegen

Foto: Geir Daasvatn
Sambandsvegen er ein liten vegstubb inne på Evjemoen i Evje og Hornnes. Han går frå Infanterivegen i aust til Artillerivegen i vest. Langs sørsida av vegen ligg den tidlegare sambandsverkstaden frå tida det var militær verksemd i leiren. Det er truleg forklaringa på vegnamnet.