Hopp til innhald

Nomelandsfjorden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. juli 2015 kl. 21:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Nomelandsfjorden sett nordover frå Nomelandsdammen.

Nomelandsfjorden er ein omlag 4 kilometer lang innsjø i Otra, mellom Kattefoss i Iveland og Nomeland i Vennesla. Fylkesgrensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder, og kommunegrensa mellom Iveland og Vennesla, går midt i fjorden. Innsjøen oppstod då Nomelandsdammen vart bygd tvers over Otra i 1916-1920, og heva vannspegelen i elva på dette strekket med mange meter. Nomelandsfjorden er inntaksmagasin for Nomeland kraftverk.