Hovden jernvinnemuseum

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. juli 2015 kl. 07:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Hovden jernvinnemuseum)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovden jernvinnemuseum er eit museum under SetesdalsmuseetHovden i Bykle kommune.

Fjellgardane øvst i Setesdal har vore gjennom omfattande utbyggingar i dei fire tiåra etter at Hovden etablerte seg som eit gigantisk vintersportsområde sist i 1960-åra. Omfattande arkeologiske utgravingar og registreringar har vore nødvendig. Desse har synt at Fjellgardane i perioden 800-1300 var eit sentralt område for utvinning av jern av myrmalm. På slutten av 1980-talet vart det sett i gong eit prosjekt med å bygge hus over eit utgrave jernvinneanlegg. Museet har fått ein heilt særeigen atmosfære, der kunnskapen om jernvinna blir formidla gjennom illustrasjonar på veggane, ljos-, lyd- og lukteffektar.

Kjelder

  • Setesdalsmuseet, Bykle - Hovden jernvinnemuseum, Huldreheimen, Lislestog/Bykle kyrkje, brosjyre

Eksterne lenker