Vegusdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mai 2015 kl. 22:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Vegusdal)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vegusdal var ein eigen sjølvstendig kommune i Aust-Agder fra 1. januar 1877 med 935 innbyggjarar då heradet blei oppretta. Før dette, frå 1838, var området del av Evje og Vegusdal formannskapsdistrikt, seinere herad. Kommunen vart slegen saman med Birkenes og Herefoss i 1967, til Birkenes kommune. Vegusdal herad hadde namnet sitt etter garden Vegusdal. Namnet skriv seg truleg frå mannsnamnet Veikolfr.

Vegusdal ligg i den midtre delen av Aust-Agder, på heiedraget mellom Otra-dalføret og Tovdal, og er eit skogdistrikt med kupert terreng og mange vatn. Arealet er 325 kvm2. Høgaste fjelltoppen er Himmelsyna, på grensa mellom kommunane Birkenes, Froland og Evje og Hornnes.

Vegusdal hadde 985 innbyggjarar i 1900, fordelt på 141 gardsbruk. Det største folketalet ein kjenner til, er 1031 i 1931. Folketalet har minka mykje sidan den gong, og er i dag rundt 400.

Vegusdal kyrkjeEngesland blei innvigd i 1867 av biskop Jacob von der Lippe.

Kjelder

  • Vegusdal, Gards- og ættesoge, utgjeve av Vegusdal bygdesogenemd, side 9-14
  • Vegusdal på norsk Wikipedia, vitja 28. mai 2015

[[Kategori:Aust-Agder