Evje fengsel
Evje fengsel ligg i bygg 7 på Evjemoen. Offisielt namn er Arendal fengsel, Evje avdeling, for fengselet er ei avdeling av Arendal fengsel. Kapasiteten er 20 plassar for menn, åtte av desse er innsette som har fått plass ved rusmestringsavdelingen. Sjølv om avdelinga ønskjer å ha fangar med lange straffer, vert også domfelte med kortare dommar godtekne.
Fengselet har ein handledag i veka. Då kan innsette bestille etter ei godkjent handleliste, og så leverer ein butikk varene i fengselet. Som arbeidsopplegg for fangane inngår vedlikehald av Evjemoen næringspark og oppdrag for andre leietakarar i næringsparken. Fengselet har eit skoletilbod som vert gjennomført av Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Det er også eit variert fritidstilbod og det kan leggjast til rette for turar i skog og mark i fritida.
Dei innsette får i utgangspunktet ta imot eitt besøk i veka med varighet på minst halvannan time. Tirsdag, onsdag og torsdag er besøkstida frå 17 til 21.30. Sundag er besøkstida frå 13.30 til 19.30. Ein må søke på ordinær måte om å få kome på besøk, narkotikakoordinator ved Arendal fengsel avgjer dette. Den som kjem på besøk kan ha med seg mat og drikke som ikkje er opna. Besøkstilhøva er godt lagde til rette for barn, og det er eige besøkshus ein kan nytte om ein treng det.
I mai 2015 vart det kjent at Stortinget vil gå inn for å utvide kapasiteten ved fengselet med 40 nye opne soningsplassar. Det vil også gje 30-35 nye arbeidsplassar ved fengselet.
Kjelder
- Om Arendal fengsel Evje avdeling hos kriminalomsorgen.no
- Setesdølen nr. 43, 21. mai 2015