Svorvaren

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. desember 2011 kl. 23:41 av Knoett (diskusjon | bidrag) (Meir om reiserute)
Hopp til navigering Hopp til søk

Svorvaren eller Svarvarnuten (1 378 moh) er eit fjell i Valle kommune. Det er eit av dei beste utsiktspunkta i Setesdalsheiene. Fjellet ligg på vestsida av Otra i nordenden av Holteheia.

Frå Rv9 tek ein av til Berg og køyrer opp Bergsvegen ca 3 km med seks skarpe svinger og god utsikt over Valle. Her betaler ein bompenger for å køyre vidare oppover Hylesdalsvegen nokre kilometer nesten heilt til endes der ein kan parkere. Det er T-merka løype frå parkeringsplass til Stavskarhytta på 5,1 km med stigning på 294 høgdemeter. Og så er det 2,3 km avstand på kartet frå Stavskarhytta til Svorvaren med stigning på 384 høgdemeter.

I samband med Topptur Valle IL 2011 var Svorvaren ein av to toppar i Valle. Den andre var Ljomsnuten.

Kart