Evje og Hornnes Arbeiderparti
Evje og Hornnes Arbeiderparti er lokallaget for Det norske arbeiderparti i Evje og Hornnes kommune. Laget vart stifta 10. januar 1909, då var det to kommunar og to lag, men laga vart stifta med bare ei vekes mellomrom. I samband med at Evje og Hornnes vart slegne saman til ein kommune i 1960, slo laga seg saman.
2008
I 2008 hadde laget årsmøte med fest i Furuly flerbrukshus med besøk av stortingsrepresentant Inger Løite. Det var val på medlemmer i styret, og det nye styret vart vald med akklamasjon og består av: Owe Wathne (leiar), Vigdis Nielsen (nestleiar), Aud Helene Austegard (sekretær), Johannes Vittali (kasserar) og Line Vennesland (kvinnekontakt). Dreng Homme vart 1. vararepresentant til styret og Gerd Bratteli 2. vararepresentant.
På dette møtet vart elleve veteranar hedra for trufast medlemskap. Desse var: 60 år: Emma Larsen, 50 år: Arnfred Leifsen og Liv Lislevand, 40 år: Eivind Haugen og Jenny Katterås, 30 år: Gudrun Abusland, Gudny Senum, Amanda Skjeggedal, Agnes Espetveit og Rolf N. Nilsen, 20 år: Jonn T. Haugen.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: AP-veteranar heidra. Artikkel i Setesdølen nr. 16, 2008 side 7