Johannes Vittali

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Johannes VittaliSymbol unrelated.svg
Født: 29. november 1939 (79 år)

Johannes Karel Vittali (fødd 29. november 1939 i Den Haag Nederland) bur iEvje og Hornnes kommune. Han kom første gong til Noreg i 1960 for å gå på jakt i Langeidsheiane. Som 13-åring starta han i arbeid saman med faren, som var murar. 14 år gamal fekk han hyre på ein nederlandsk båt. Sidan søkte han seg over til norske skip, han hadde høyrt at forholda skulle vere betre der. I 1961 kjøpte han hus i Flatebygd og der vart han buande til han i 2006 kjøpte eit av husa etter Forsvaret i Bjoråvika og busette seg der. Etter mange år som sjømann, noen år på anlegg, fekk han jobb som oljearbeidar i Nordsjøen. 11 åra av dei åra der var han tillitsvald på heiltid.

Lokalt har han vore leder, sekretær og kasserar i Evje og Hornnes Arbeiderparti. Han har så vidt vore innom i kommunestyret, desto meir aktiv i dugnadsarbeidet for Furuly foreningshus, som han var initiativtaker til, der han og var bingovert i mange år.

Kjelder[rediger]