Evje og Hornnes Sparebank

Evje og Hornnes Sparebank er ein sjølvstendig bank som vart oppretta i 1864. Banken ligg sentralt på Evje, like nord for Sentrumsbygget. Banken driv tradisjonell bankdrift og har 13,5 årsverk fordelt på 15 stillingar. Forvaltningskapitalen er om lag halvannan milliard kroner. Resultatet i 2011 vart 10 millionar kroner i overskot. I januar 2012 vann banken anbod på banktenester for Evje og Hornnes kommune, som har nytta sparebanken sine tenester i ei årrekke, men som må ha dei på anbod kvart tredje år.
Banken er med i Eika Alliansen og har ei avdeling for forsikring i tillegg til kundesenteravdeling og avdeling Intern drift.
I 2014 har banken 150-årsjubileum. Jubilèet vert markert med mange ulike tilstelninger gjennom året, mellom anna ein stor jubileumsfest laurdag 23. august 2014 i Otrahallen.
Tilsette
Kjell Omland er banksjef og Astrid Borøy nestleiar i banken. I kundesenteret er Anne Jorunn Klungeland avdelingsleiar og ho har med seg Irene Holene, Møyfrid Wehus, Hilde Birkeland og Signe Birkeland samt hovedkasserer Knut Egil Aasland i si avdeling. I forsikringsavdelinga har avdelingsleder Jarle Olsen med seg Aud Kirsten Fjellestad, Line Myrvold Fredheim og Else Norunn Greibesland. Alle er autoriserte finansiell rådgjevarar. Regnskapssjef og nestleiar Astrid Borøy har med seg Helene Lislevand og Elin Aas i avdelinga for intern drift.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Evje og Hornnes Sparebank framleis bank for kommunen. Artikkel i Setesdølen nr. 7, 2012 side 8