Røyrtveit naturreservat
Røyrtveit naturreservat er eit 49 dekar stort freda barskogområde mellom Flatebygd og Gautestad nord-aust i Evje og Hornnes kommune. Fredingsvedtaket vart gjort så tidleg som i 1917.
Feltet ligg 520-550 m.o.h. Det er ein skogkledd ås med smale bakkemyrer rundt. Skogen har stått urørt sidan 1917, og har fått skjøtte seg sjølv. Eit tjukt lag av råhumus dekker difor skogbunnen. Området har eit tydeleg urskogpreg, med tre i alle aldrar. Det ligg en del vindfall rundt omkring, og ikkje så få av trea er turka ut. Gran er det dominerande treslaget. Nokre av grantrea i feltet må vere mellom dei største i heile kommunen - om ikkje dei aller største. Både tverrmålet og høgda er imponerande. Det veks og osp, bjørk og furu av store dimensjonar i skogen. Men furutrea har temmeleg flat krone (fjellfuru), og er ikkje uvanleg høge.
Rundt feltet er det sett opp merkestolpar med skilt som syner at området er freda som naturreservat etter naturvernlova.
Kjelde
- Anders Danielsen, Røyrtveit fredskogfelt i Evje, Setesdal, artikkel i Naturvern i Norge, årsskrift for Landsforbundet for naturvern i Norge, 1950-1951, s. 62-65