John Dalane

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. november 2014 kl. 10:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (John Dalene)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

John Dalene var fødd 29. januar 1876 i Iveland. Han var son til Syvert Syvertsen, som var bonde. Men John var ikkje den eldste sonen, og måtte finne seg eit anna yrke enn bondeyrket. Han var gift med Brynhild Dalene (fødd Fatnes) frå Ryfylke, og vart far til sju born.

Som 20-åring reiste Dalene til Oslo for å gå på handelsskule. Etter at utdanninga var ferdig, starta han som forretningsmann. Han var først styrar av forbruksforeininga på Birkeland. Så flytta han til Mykland for å styre handelslaget der. Men dei fleste av arbeidsåra la han ned i Evje. Her vart han styrar av eit aksjeselskap som dreiv forretning i tre hus etter tur.

Då eldste dottera hans vart vaksen, overtok ho eindel av arbeidet i forretninga. John Dalene, som med det fekk litt ledig tid, starta då opp med drosjekøyring. Han kjøpte seg ein bil, og vart etter det ein veit den første drosjesjåføren i Evje. Etter ei stund slutta han heilt som handelsmann, og ofra seg for drosjekjøyringa.

Dei siste åra før han døydde budde John Dalene på Hornnesheimen.

Kjelde

  • Torbjørn Hansen, Heidersmann frå Evje blir 90 år laurdag, artikkel i Fædrelandsvennen, januar 1966