Ragnhild Haugen Berdalen
| Ragnhild Haugen Berdalen | ||
|---|---|---|
| Født: | 1933 | |
| Død: | 27. mars 2010 (alder 76–77) | |
Ragnhild Haugen Berdalen (fødd 1933, død 27. mars 2010 på Byglandsheimen) budde i Åraksbø. Ho var gift med Knut Berdalen, dei hadde barna Margit og Marie, samt svigerbarn og barnebarn som levde. Gravferda var frå Sandnes kyrkje, Åraksbø onsdag 7. april 2010 klokka 12.00.
Foreldrene hennar var Torstein Haugen og kona Marie Haugen, fødd Gausi. Ragnhild vaks opp i ei tid då det var heieslått og mykje arbeid på ein gard. I 1958 gifta ho seg med Knut Berdalen frå Bykle. Dei fekk fire barn, men bare to av dei vaks opp. I Åraksbø dreiv dei med sauehald, men Ragnhild arbeidde som heimehjelp i Bygland kommune. Ho arbeidde og i kantina på kommunehuset og hadde i mange år reinhaldarjobben i kyrkja i Åraksbø.
I 1975 brann huset deira ned og dei bygde nytt hus. Det overtok dottera Marie og mannen hennar, Arild. Ragnhild og Knut fekk bygd ein kårbustad som dei budde i til helsa svikta og dei flytta til Byglandsheimen.
Kjelder
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 29, 2010, side 2
- Torkjel Segberg: Ragnhild Berdalen til minne. Minneord i Setesdølen nr. 30, 2010 side 2