Kongens Fortenstmedalje
Kongens Fortenstmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908 og vert delt ut i gull eller sølv til «lønn for fortenster av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste». Søknad om tildeling skal stilast til H.M. Kongen og sendast gjennom Fylkesmannen. Søknad om tildeling bør sendast i nær tilknyting til avslutninga på den verksemda som skal lønnast.
Utforming
Medaljen har portrettet av den regjerande kongen med namn og valspråk på framsida, mens han på baksida har ein krans med omskrifta "Kongens fortjenstmedalje". Innanfor kransen er namnet på mottakaren inngravert.
Medaljen skal berast på venstre side av brystet i band i fargane til riksbanneret, raudt med ei gul stripe i midten. Medaljen vert mottakarane sin eigedom og skal ikkje leverast attende.
Mottakarar i Setesdal
Bykle
Valle
01.07.1997 Husmor Ingebjørg Kjelleberg
Bygland
27.11.2008 Bonde Knut P. Sandnes 01.07.2000 Emissær Olaf Skjeggedal
Evje og Hornnes
Adjunkt Sigmund Monen 17.07.2007 Bedriftsleder Roald Skibsrud 30.11.2006 Kaptein Knut Aadal 01.11.2005 Lærer Ruth Oksefjell 28.05.2005 Lektor Olav Arne Kleveland 13.12.2004 Lærer Aslaug Smeland 08.05.2003 Hagebruker Arnar Kjetså 01.07.2002 Lærer Valborg Hauan
Iveland
08.05.2003 Formann Jens Skisland 01.07.2002 Skogsarbeider Gjermund Frøysaa 01.07.2002 Hjelpepleier Jorunn Frøysaa
Det er nok fleire og det hadde vore fint å få ei oversikt over desse til Setesdalswiki.