Strondevatn
Siri Johannessen (2014)
Strondevatn, Strondivatn eller Igdestøylvatn er eit vatn i Åraksbø i Bygland kommune. Vatnet ligg sørvest for og like under Storlinuten. Ved den nordvestre enden av vatnet hadde Rosevall og Fosslid kvar sin støyl. Fosslid sin støyl blei i 1924 frådela som eige bruk, og fekk då bruksnummer 5 og namnet Igdestøyl.
Statens kartverk godkjende 1. januar 1966 Strondivatn og det er framleis det som skal nyttast ved offisielle høve, medan Strondevatn vart godkjend 24. november 1971.
Det er bomveg frå Heggtveit og heilt fram til Strondevatn. 19. juni 2011 hadde Bygland Jeger og Fiskarlag fiskedag her.
Kjelder
- Setesdølen
- Statens kartverk sitt faktaark for Strondivatn (vitja 19. august 2014)
- Vollen, Reidar: «Rosevall gnr. 24, Støylane» i Bygland gard og ætt, bind IV s. 559 (2006) ISBN 82-993677-5-1