Gudrun Botnen Haugen
Gudrun Botnen Haugen (fødd 18. april 1902 i Fyksesund i Hardanger, død 5. august 1980]] var leikleiar i Noregs Ungdomslag og danseinstruktør. Ho var opphaveleg frå Hardanger, men gift med Notto Haugen og busett på Evje frå 1950-åra.
I lokalmiljøet i nedre Setesdal la Gudrun ned eit formidabelt kulturelt arbeid med leikarringar og kurs i folkedans, songdans og folkeviseleik. Ho arbeidde med amatørteater og hadde ei stor interesse for bunader. Ho var også ei framifrå bakstekone.
«Skulle nokon ha fortent ein kulturpris måtte det vere Gudrun, men dei åra ho var aktiv i bygdene i nedre Setesdal fannst ikkje noko slikt», skriv Eva Haugen Sørgaard i eit stykke om henne i Arnstein 2013.
Kjelder
- Eva Haugen Sørgaard, Gudrun Botnen Haugen, stykke i Arnstein 2013, side 32–36
- Vidar Lande, Mellom aust og vest. Folkemusikk i Evje og Hornnes, utgjeve av Vidar Lande i samarbeid med Evje og Hornnes sogelag, 2024, side 271–276