Bygland Bryggeri

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. juni 2023 kl. 21:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygland Bryggeri
Bygland Bryggeri

Bygland Bryggeri vart etablert i 2017 av gründer og ølbryggjar Torkjel Austad, og er ei verksemd med forretningsadresse på Austad i Bygland. Produksjonen er i industribygget på Austad der også Ose Water held til. Dei bryggar fleire øl på tradisjonelt vis, med mellom anna kveik (gardsgjær) og einerkvistar.

Ølsortane frå bryggeriet har namn på setesdalsmål, og boksane er utstyrt med historier som forklarer både namnet og ølet. Dei typane dei har per januar 2022 er:

Daglegvare

  • Sveikadden (ungkaren), norsk gardsøl, 4,7
  • Ølgnassen (staut kar), handverkspils, 4,7%
  • Byglandsfjorden Blonde, 4,7%
  • Augnestyngjen (augnestikkaren), IPA, 4,7%
  • Jolebassen (jolebukken), joleøl, 4,7 %.

Sterkøl

  • Sveikadden Sterk, norsk gardsøl, 7,5%
  • Skjoldmøyslaget, Dobbel IPA, 8,0 %
  • Møykjeddingi (peparmøya), Raw IPA, 6,5 %
  • Lusekupta (setesdalskufta), brown ale, 6,0%
  • Vetrebrauti (mjølkevegen), IPA, 7,5%
  • Rudkallen (nissen), joleøl, 8,0 %.
  • For the Love of Kveik serien, norsk tradisjonsøl

Bryggeriet distribuerer ølet sjølv i Agder, Rogaland og Oslo-området, og samarbeidar med Lokalbrygg, Tine og Gulating om distribusjon til resten av landet.

Kjelder

Sjå også

Eksterne lenker