Sveikadden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Boksølet Sveikadden

Sveikadden er ølet som Torkjel Austad produserer i Bygland Bryggeri. Ølet vart lansert i februar 2018 og har smak av einerkvistar plukka på heia ved Austad i Bygland. Ølet er brygga på norsk byggmalt, rug og havre. Kveiken (gjæren) er ein kultur som kjem frå Voss og har vore dyrka i generasjonar. Ølet kan ein få på boks, 0,33 liter med alkoholprosent på 4,7. Det er særleg distribuert i Setesdal + resten av Agder og Rogaland - men kan også kjøpast hos Gulating ølutsalg sine butikkar i heile landet.

Det vert også produsert ein sterkare variant. Der er alkoholprosenten 8.

Kjelder