Minnesteinen etter Arbeidstenesta
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Minnesteinen etter Arbeidstenesta er ei flat steinhelle med inskripsjonar som blei sett opp på Galteland rundt 1944, til minne om utgravinga av Galtelandskanalen som Arbeidstenesta utførte i åra 1942-1944. Det var befalet som bestemte at steinen skulle reisast. Ein av gutane i troppen, Torvald Eide, hogde til innskrifta i steinen. Det skulle eigentleg ha stått Galtelandskanalen og Bygget av Agder- og Rogalandsgutter på steinen også. Men dei innskriftene kan ikkje ha blitt ferdige.
Etter omlegging av vegen rett vest for busetnaden på Galteland, står steinen i dag tett attmed ei sløyfe av den gamle veglina på Fylkesveg 42.
Kjelder
- Jørg Gotfredsen som var med i Arbeidstenesta under krigen, i Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 142