Hegni friluftsområde

Foto: Geir Daasvatn
Hegni friluftsområde ligg ved nordre enden av Hartevatn, om lag 1 km sør for Hovden sentrum. Området har eit variert tilbod av turstiar samt leikeapparat, trampoline og sandvolleyballbane. Der er óg kiosk med kafémeny.
Frå Hegni friluftsområde kan du dra på fisketur, anten du vil fiske frå land eller leige ein robåt. Det er også utgangspunkt for vandre- og sykkelturar. Rekordfestivalen vert arrangert her.