Espåsen røysfelt
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Espåsen røysfelt ligg like sør for Espåsen, på Hålandsheia, aust i Evje. I feltet er det 14 røyser som er kartlagt. Alle er bygde opp av stein. I eit par av dei er det runde krater på toppen. Det er ikkje sikkert fastslått om røysene er gravrøyser eller rydningsrøyser. De er ikkje utført ei arkeologisk utgraving som kan klargjere dette endå.
Feltet blei oppdaga av Oddmund Mogstad. Han meiner det har vore ein gard her inne på heia, den første Håland-garden.
Kjelder
- Omtale av Espåsen røysfelt på Kulturminnesok.no
- Lokalhistoriske perler. På tur med Oddmund Mogstad, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2018, side 181-188