Hopp til innhald

Reinevatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. november 2012 kl. 11:29 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Meir fakta)
Reinevatn.

Reinevatn er eit vatn sør for Store Urevatn og Vatndalsvatnet i Bykle kommune. Vatnet ligg 1170 moh, og er 2,86 km².

Regulering av Reinevatn

Mellom Urevatn og Holen kraftverk er det ein 12,5 km lang driftstunnel. Denne har ei avgreining til Reinevatn. Her vart det bygd ein 11 meter høg bogedam i betong i 1996, for å heva vatnet opp til kote 1175. Det vart stilt strenge miljøkrav slik at all transport vart utført med helikopter. Vatnet har ei reguleringshøgde på 10 meter.

Kart

Laster kart ...