Norsk kulturminnefond

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. mars 2020 kl. 09:32 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (sortable)
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk kulturminnefond er ei tilskotsordning for private eigarar av verneverdige kulturminner slik at dei kan sette i stand kulturminna sine. Det vart oppretta av Stortinget i 2002 som eit statleg fond på ein milliard kroner og skulle nytte avkastninga til formålet. Men frå 2013 har fondet fått pengane sine direkte på statsbudsjettet. Difor er det ikkje lenger eit fond, sjølv om det har behalde namnet.

Søknader blir sendt inn via ein elektronisk søknadsportal. Dei vert handsama etter kvart som dei kjem inn og liste over tiltaka og kor mykje dei har fått, blir lagt ut på nettsidene til fondet. Administrasjonen av Norsk kulturminnefond ligg på Røros og Simen Bjørgen er direktør.

I Tysdagssending i Valle Radio 20200324 fortalde Simen Bjørgen om fondet. Han opplyste då at tilskot frå fondet ikkje var til hinder for at søkjar kunne få tilskot frå andre kjelder, både offentlege og private. Det var til og med ofte slik at når andre fekk vite at tiltaket hadde fått støtte frå Norsk kulturminnefond, var det lettare for dei å medverke til tiltaket.

I Agder

I dei to første månadene av 2020 hadde fondet delt ut 1.944.000 kroner til tiltak på Agder:

Prosjektnamn Søkernamn Kommune Tilskot
Barbugårdsveien 21 - eksteriør uthus Sverre Valvik Arendal 120 000
Badstoge / Røykstoge i Øvste Borg - Åraksbø Åsulv Haugetveit Bygland 90 000
Fløterhytte Herefossfjorden Andreas Theodor Holm Evje og Hornnes 175 000
Ventebu Dåreidstrand Tallak Tallaksen Farsund 28 000
«Karistua» Ola Berg Vormeland Grimstad 34 000
Homborsundsveien 187 John Magne Hommersand Grimstad 280 000
Låvebrygger Spikkeland Kjell Kvinlaug Kvinesdal 55 000
Det gamle fengslet i Lillesand Helge Arthur Haldorsen Lillesand 139 000
Restaurering av vinduer Ingrid Signe Stephensen Lillesand 44 000
Restaurering av sjøbu i Sørstranda på Landøy Kari Oftebro Lindesnes 280 000
Bryggerhuset på Åmland Anne Omland Risør 130 000
Løe Liland Gård 1158 Sigmund Sverre Virak Sirdal 177 000
Gammelstaua på Rugnes Per-Arne Ludvigsen Vegårshei 300 000
Gangmalerier på Ytre Ramse Yngve Ramse Trædal Åmli 92 000

Kjelder