Syllstokk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. mars 2020 kl. 18:57 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Språkpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Eitt av hjørna på Haugenloftet i Åraksbø. Syllstokkane er tydeleg trapesforma, og mykje større enn stokkane oppover i byggverket.

Syllstokk er den nedste stokken i eit laftebygg. Han har i alle eldre hus ei høg trapesform i tverrsnittet. Det går att i hus som er bygde langt framover mot vår tid. Syllstokkane i eit godt bygd hus er også normalt mykje grovare enn resten av stokkane.

I Setesdal kallar ein syllstokkane for «syddane». I eldre tider skal setesdølane ha hatt ei bestemt førestilling om korleis desse stokkane skulle leggjast. «Dei stuttsydda allstøtt», heiter det hos Johannes Skar. Det tyda at dei alltid la syllstokkane under kortveggane først. Om langstokkane blei lagde først, kunne dei verke som meiar under huset. Då kunne Oskoreia dra avgarde med huset.

Kjelder