Odd Haralds Plass

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. desember 2016 kl. 11:17 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kjelde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Odd Harald Robstad under opninga av Odd Haralds Plass 24. september 2009. Foto: Geir Daasvatn

Odd Haralds Plass er eit fleirbruksanlegg for idrett som ligg på fylkeskommunal grunn mellom Otrahallen og Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes. Anlegget vart bygd i 2008. Då vart det lagt nytt polytan dekke på den gamle asfaltbanen.

Anlegget er nå blitt eit moderne friidrettsanlegg, med fire løpebanar for 60 m, anlegg for lengdehopp og tresteg, plass for høgdehopp og tilløp til spydkast og diskos. Det er óg banar for mellom anna tennis, basketball, volleyball, handball og badminton. Anlegget er kostnadsrekna til meir enn 1 million kroner, og er eigd av Otrahallen AS.

Fleirbruksflata er høgtideleg døypt «Odd Haralds Plass» etter initiativtakaren Odd Harald Robstad.

Kjelder