Heddeviki
Heddeviki er ei bukt i Åraksfjorden, rett sør for Heddeneset i Åraksbø. Lia ovafor Heddeviki er freda som Heddeviksfjellet naturreservat. I dette området, gøymt i skogen, ligg også den gamle husmannsplassen Heddeviki. På sørsida av Heddeneset, heilt i vasskanten, ligg Skinneglopp. Fylkesveg 323 mellom Storstraumen og Austad går forbi Heddeviki.