Ose Water
Foto: Geir Daasvatn
Ose Water er eit nystarta selskap (AS) som skal produsere og selge drikkevatn på flaske frå Austad i Bygland. Firmaet skal etablere seg på eigedomen der det tidlegare var potetlager. I tillegg til det gamle bygget på ca. 1100 kvm, skal det setjast opp eit tilbygg med om lag same storleik. Vatnet skal pumpast opp frå ei kjelde på Austad direkte i røyr til fabrikken, og derfrå bli tappa, emballert, pakka og køyrd ut via to produksjonsliner. Planlagt produksjonsstart var først på seinsommaren 2017, men er utsett til 2018. Dei som står bak selskapet reknar med å investere 50-70 millionar kroner i anlegget.
Eigar av firmaet er Bergtor Haugå og asiatiske partnerar. Dagleg leiar er også Bergtor Haugå.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Satsar 70 mill. på drikkevatnproduksjon på Austad, artikkel i Setesdølen nr. 82, 2016, side 5