Rakkenes

Foto: Geir Daasvatn
Rakkeneset er eit lite nes på austsida av Byglandsfjorden, mellom Grendi og Longerak. Neset har fine sandstrender, og er ein mykje brukt badeplass om sommaren.
Fornminne
Rakkeneset er arkeologisk undersøkt. Det er funne spor etter ein buplass frå steinalderen.