Bortelid
Bortelid er ei fjellbygd og hyttegrend, og ein populær vintersportsstad, nord i Åseral. Det er nærare 1300 fritidsbustader i Bortelid-området, skisenter, campingplass og daglegvarebutikk. Hyttebygginga har i hovudsak skjedd i regi av Bortelid Utmarkslag, som grunneigarane på Bortelid står bak.
Det er fleire større arrangement på Bortelid i løpet av året, som Bortelid haustmarknad og Bortelid triathlon.
Historie
Bortelid var opphaveleg seter under garden Tjaldal, som ligg omlag tre km sør for Bortelid. I 1770 blei Bortelid skild ut som eige gardsbruk. Gardsbruket vart snart delt i to, bnr. 7 og 8. I 1966 vart Bortelid Utmarkslag skipa. Føremålet var å skape attåtnæring til gardsdrifta. Det kom ein solid vekst i hyttebygginga i ein tiårs-periode frametter. Etter nokre rolegare år på 1980-talet, tok bygginga seg opp att på 1990-talet. Dei siste åra har salget vore litt tregare igjen.
Kjelder
- Tarjei Liestøl, Åseral gard og ætt, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, side 375-381
- Kent Ivan Danielsen og Sindre Usland Dahl, Strategisk analyse av Bortelid hytte- og fritidsområde, masteroppgave, Universitetet i Agder, 2015