Urdvikheii

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. mars 2015 kl. 12:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Språkvask)
Hopp til navigering Hopp til søk

Urdvikheii er eit fjell (615 moh.) aust for Urdviki ved Storstraumen mellom Bygland og Åraksbø. Berget av kvartsitt har tydelege, nesten loddrette oppsprekte lag, omtrent som skivene i eit brød. Då isen smelta for kanskje 10 000 år sidan, og «støtten» frå isbreen som låg i dalføret forsvann, kollapsa dei ytterste skivene og enda som kjempestore steinblokker i ei stor ur under fjellet. Enorme blokker ligg hulter til bulter nederst i ura og gjer det vanskeleg å ta seg fram. Det går likevel ein sti gjennom ura til eit klatrefelt i bratthenget lenger oppe i fjellsida.

Riksveg 9 gjennom Setesdal passerer under Urdvikheii, og har vore mykje utsatt for ras på denne strekninga. I 2011 blei ein stor fjellhamar i Urdvikheii sprengd bort for å redusere rasfaren. Det er også bygd ein svær rasvoll langs riksvegen nede ved fjorden.

Sjå også

Kjelder

  • Johan Christian Frøstrup (red.), Vandinger i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, s. 202