Hopp til innhald

Jon Hornnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. september 2014 kl. 00:41 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenkefiks)
Jon Hornnes
Født: 23. november 1904
Død: 19. mai 1944 (39 år)

Jon Mortenson Hornnes var fødd 23. november 1904 i Hornnes og døydde 19. mai 1944 i Natzweiler fangeleir i Frankrike. Han var gift med Sofie Hornnes (fødd 1906, jentenamn Abusland). Foreldra var Morten N. Hornnes, fødd 1866, og Gjertrud J. Hornnes (fødd 1867).

Jon Hornnes dreiv i nokre år, fram til han vart arrestert av tyskerane, sagbruket (dampsaga) i Hornnesvika (Doktormonen, gnr. 50, Hornnes) som faren hadde sett opp i 1907-1908.

Namnet til Jon Hornnes er hoggen inn i minnesteinen som er reist ved Hornnes kyrkje til minne om dei honndølane som mista livet sitt i fridomskampen 1940-1945.

Kjelder