Hopp til innhald

Håtveitfossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. november 2014 kl. 19:29 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Den tørrlagde fossen med tunnellen som sikrar minstevassføring i Håtveitåna nede til høgre i biletet. Foto: Geir Daasvatn

Håtveitfossen er ein foss i Håtveitåna, nord-aust i Evje og Hornnes kommune, rett etter at elva har runne ut av Vikstølvatnet på veg nedover mot Lislevatnet.

Opprinneleg var Håtveitfossen ein imponerande foss med svær vassføring. Men på slutten av 1950-talet vart Vikstølvatnet regulert, og fossen har etter det vore tørrlagd store deler av tida. Vatnet frå Vikstølvatnet blei etter reguleringa ført ut i Håtveitåna gjennom ein tunnel som kom ut i botnen av fossen.

Det stod lenge på 1800- og 1900-talet ei kvern ved Håtveitfossen. Det var på den tid stor vannføring til kverna, med høgt fall i fossen. Difor var dette ei svært sikker kvern. Ho skal ha stått til 1950-åra, men var snaut i bruk etter 1. verdenskrig.

Kjelde

Søk på Håtveitfossen på Kulturminnesøk.no