Sandnes kyrkje (Bygland)
Foto: Siri Johannessen
Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844 på Åraksbø i Bygland kommune. Byggverket er i tre og har 200 plassar.
Kyrkjestrid
Det budde flest folk i Åraksbø på 1930-tallet, og i januar 1935 vart det bestemt å flytte kyrkja frå Sandnes til Åraksbø. Dette var svært kontroversielt, og då biskopen vigsla kyrkja på den nye staden, møtte ingen frå Frøysnes og Sandnes opp. Seinare sette dei opp eit kapell på den gamle kyrkjetomta (Sandnes kapell). Dette stod ferdig hausten 1940.[1]
Referanser
- ↑ Terje Gittmark Eriksen: Bitter kirkestrid. Artikkel i Fædrelandsvennen Kultur 26. november 2009 side 9.