Hopp til innhald

Erik Taraldson Sordal

Frå Setesdalswiki

Erik Taraldson Sordal (f. 1736, d. 1786) var leiglending og husmann i Bygland. Han og kona Asbjørg Tellefsdotter Langeid (f. 1733, d. 1811) var leiglendingar på Birkeland 1768–1770. Etter det var dei på Nordre Heistad, truleg 2–3 års tid. Ei tid var dei på Sordal, der Erik kom frå (bnr. 2).

Etter Sordal var familien på Skore. Kor lenge dei var der er uvisst. Dei kan ha vore innerstar, men like sannsynleg var dei husmannsfolk i Skorsplass.

Familie

Erik og Asbjørg hadde borna Ingebjørg (f. 1769, d. 1843), Birgit (f. 1773, d. 1846) og Olav (f. 1776, d. 1796). Foreldra til Erik var Ingebjørg Eriksdotter Sordal (f. ca. 1707, d. 1781) og Tarald Tarjeison Straume (f. ca. 1699, d. 1744).

Kjelder