Kvernstein

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. desember 2024 kl. 14:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvernhus på Gjerustad i Vegusdal 6. august 2024. Ein ser dei to kvernsteinane under via.

Kvernstein er brukt i kverner. Det kan vere handkverner eller bekkekverner. Drivkrafta er menneskeleg muskelkraft (handkvern) eller vasskraft (bekkekverner). Det viktige bruksområdet til både handkvern og bekkekvern er å male korn til mjøl. Det er få slike kverner i bruk i dag. I Setesdal kom dei aller fleste kvernene ut av bruk utetter på første halvdel av 1900-talet.

Kvernsteinane har ulik storleik. Men måten dei virkar på er den same. I ei kvern er det to steinar. Understeinen ligg stille medan oversteinen blir dreid rundt. Kverna er forma slik at korn kan fyllast på i midten, og mjøl blir samla opp rundt ytterkanten.

Kjelder