Vestre Trældal

Foto: Geir Daasvatn
Vestre Trældal er eit lite dalføre som går i nord-sørleg retning vest for Bergedalsheii og Krubba i Bygland. På austsida av dei to fjella går Austre Trældal. Dei to dalføra går saman i sør ved Lisle Gyvatn.
Gamle vegar
Den gamle Fjellmannsvegen (Dalevegen), «byvegen» til Kristiansand, kom gjennom Vestre Trældal. Ein mykje brukt ferdsleveg mellom Setesdal og Åseral, Nordmannsvegen, gjekk også gjennom dalen.