Kjetil Jore
| Kjetil Jore | ||
|---|---|---|
| Født: | 5. november 1911 | |
| Død: | 10. november 2002 (91 år) | |
Kjetil Jore (fødd 5. november 1911, død 30. november 2002) var bonde i Valle. Han var svært oppteken av sau og gav ut Markebok for Valle i 1972. Han laga sjølv ei minnebok frå livet, og opplysningane her er tekne frå den.
Barndom og oppvekst
Foreldra til Kjetil Jore var Torleiv (Tellef) Hallvardson Dale (1881 - 1931) som i 1907 vart gift med Gunhild Olavsdotter (Bø) Jore (1884 - 1964). Dei var tremenningar, Hallvard Pålson Dale, Kjetil Jore sin farfar, kjøpte gard for dei i Jore.
| Bestefar Olav Pålson Bø og kona Anlaug åtte Sagneskard gr.nr. 41, br.nr.1. Dei var like gamle og fødde i 1859. Då konfirmantane låg på kne runt altarringen, tok bestefar seg ut den jenta han vilde ha. Det var 'kje so dumt. Sagneskardkarane åtte alle tri gardane og vel so det. Eldste bror til bestemor var biksen i bygda -bankkasserar og postopnar. Første kona hans var frå Heimegard Røysland. Seinare gifte han seg med Anne Bjørnarå. Olav Olson Sagneskar var farbror til Bestemor. Første kona hans var Birgit Stensdatter Berge som døydde barnlaus. Ei or dei seks døtrene til Olav H. Kyrvestad vart den andre kona hans. Ho gjekk under namnet:: Minste Gunnhild. Og hadde vore gift før. Ei onnor til dei tri vart gardkone på Bø (Røyso) -seinare mor til bestefar. Grunnen til at besteforeldra mine fekk Sagneskar, var at Minste Gunnhild og Gunnhild O. Bø (Røyso var søster). | ||
Kjetil Jore vaks opp hos besteforelda i Sagneskar.
| Ei ny verd opna seg for meg. Der på garden var kyr, sauer og ei hoppe som fekk føl ender og då. Bestefar var av og til på hestehandel noko som var vanleg i den tida. Tidlegt vart eg glad i sauer. Eg hadde ein som eg kalla Gudla. Han var spak etter alle godbitane han fekk. Om våren kjette lamba seg rundt mødrene sine og i flokk ute på jordet. Det var vår og framtida såg ljos og god ut. På helgedagane tok me det med ro. I skora over åren hekk ei gryte med kjøtsuppe. Det putra og sau i den. Til dogurds fekk me flotmylje. Då det var undangjort, tok husfaren Luthers huspostil og las teksta for dagen. Det var hardt for ein ung kropp å halde seg i ro under lesinga. Eg gjekk på sundagsskule, og no og då på oppbyggjingsmøte. Gunnar Holen frå Bykle var ein kjend talar. Han lika eg å høyre på. Første heimskrigen var vanskeleg å koma igjennom. Mange vernepliktige vart innkalla til nøytralitetsvakt. Fleire av dei vart så sjuke at det stod om livet. Det var spanskesjuken som herja. Mange vart førde til Valle kyrkjegard i den tida. Tårevåte kinn var ofte å sjå. Dei gret for dei døde. Bestefar og eg slapp sjuken. Bestemor, morsyster Tore, morbror Pål og Olav vart sjuke og låg til sengs. Alle vart heldigvis friske att. | ||
Skulegang
Småskulen gjekk Kjetil Jore i Åkre skule. Sidan gjekk han på Homme og Tveitebø skule.
| Omsider kom eg i skulepliktig alder. Skulehuset stod på Åkre, Olav Brottveit var lærar. I skulen var han avhalden og tolmodet hans rakk langt. I friminutta slo me ball, gjette sugge og slo på ringen. Om vinteren var me i skibakken som låg i nærleiken av skulen. Some var reine storhopparane. Av og til kunde det vera gnuffing og slagsmål, men det gjekk over,kameratane vart gode vener som aldri før. (...) Skulen kravde sitt i Homme og Tveitebø skulehus. Knut Kyrvestad var lærar. Han tolde lite piksor som some av elevane fann på. Siste skuledagen føre jol skulde «Bjørnarågåva» delast ut. Eg hadde sett fram til den dagen og vona at eg skulde få den. Den gjekk til ein annan av elevane som var yngre enn eg. Tydeleg og klårt visa det at eg var kje noko skuleeksempel. | ||
Ungdomstid
I 1924 reiste far til Kjetil Jore til Amerika. Kjetil arbeidde i landbruket på garden heime i ungdomsåra. Om sommaren låg han på heia som gjætar, mellom anna på Neiretjønnstøylen. I 1931 døydde faren i Canada, han kom bort om vinteren.
| I regret to inform you that your husband left his residence near the shore of Camp Lake at the Sherritt-Gordon Mine in the early hours of the morning of December 22nd, 1931, armed with a 22 rifle. A heavy blizzard blew up on this date, and no word has been heard of him since, and it is considered althogether likely that he has perished in the storm, or fallen through an air hole in the ice on the lake in question. | ||
| – Brev frå Royal Canadian Mounted Police 26. juli 1932 | ||
Vinteren 1933-34 gjekk han på Kvås ungdomsskule.
| Hausten 1935 reiste eg til Fjellhaug bibelskule. Den låg på Sinsen med utsyn over Oslofjorden. Det var Kinamisjonen som åtte og dreiv skulen. Enok Osnes var styrar, og dette var nokre av lærarane: Ludvig Hope, Øyvind Andersen, Tormod Vågen, Lars Aanestad, Trygve Bjerkrheim m.fl. Grunnen til at deg reiste dit, var ei hending som gjekk føre seg i Homme og Tveitebø skulehus. Dreng K. Homme dreiv med opplæring i lauvsagarbeid for gutar i konfirmasjonalderen. To jenter tok seg av det andre kjønn. Dei fekk opplæring i handarbeid. Til slutt under samlinga talte Dreng Guds Ord til oss. So til hjarta gjekk det meg, at det var ein snunad i livet mitt. På skulen var eg ein vinter med økonmomisk stødnad frå skulelaget. Der var elevar frå mange kantar av landet. Danmark hadde og sine representantar. Me for over flerie bibelske bøker og fekk innsyn i frelsessoga. Bibel og bøn vart det viktigaste under opphaldet. Ugløymande var det når dei store salane vart opna til festlege samvær. Ofte var misjonærar med som tennte misjonselden. Orda som Vår Herre og Frelsar sagde til læresveinane på fjellet i Galilea, stod fast i alle eveheters evighet. Slik lydde det på svensk: "Gå därför ut och gör alla folk till lärjungar, döp dem i Farderens och Sonens och den Helige Andes namn och lär dem att hålda allt det som jag her har befallt er. Och se, jag är med er alla dagar intil tindens ende (Matt. 28:19-20). Me måtte prøva oss på preikestolen. Der fann lærarane ut om me var skikka til å tala Guds Ord. Det var 'kje vanskeleg å skøna kven som var driven i faget. Eg kom i alle fall langt bak i rekkja. Seinare visa det seg at eg ikkje var plent gløymd. Eg fekk gode ord med på livsvegen. | ||