Heisfossen
Foto: Geir Daasvatn
Heisfossen (Heistadfossen) er eit svært fossefall i Heisåni på Heistad, nord-aust i Bygland kommune. Heisvatn, som Heisåni renn ut frå, er regulert. Vassføringa i fossen er derfor ofte liten. Men i tider med mykje nedbør og stor vassføring i elva er fossen eit mektig syn.
Det går skogsbilveg frå Heistad oppover dalsida til Heisvatn. Vegen passerer forbi Heisfossen, som såleis er lett å kome fram til.