Stålevatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. juli 2015 kl. 10:25 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av vatnet)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Stålevatnet Hornnes 080715.JPG
Stålevatnet.

Stålevatnet er eit lite vatn på heia (415 moh.) omlag 4 kilometer vest for garden Tveit i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Vatnet ligg rett sør for Sveindalsvegen, mellom Tveit og Bjørndalsvatnet. I vestre enden av vatnet er det fleire fritidsbustader, og noko sør-vest for vatnet ligg det eit større hyttefelt. Det går Stålevannsvegen (bomveg) inn til og vidare forbi vatnet frå Sveindalsvegen.

I vatnet ligg ein liten holme med det klingande namnet Kon-Tiki.