Evje Misjonssamband

Foto: Geir Daasvatn
Evje Misjonssamband er ei lokalforening i Region Sør i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i Evje.
Styret
Frå 16. februar 2015 er styret slik:
Historie
Foreninga vart stifta 26. desember 1900, medan hovudorganisasjonen vart kalla Det norske lutherske Kinamisjonsforbund (Kinamisjonen). I det første styret sat Olav J. Høgetveit, Olav L. Klepsland, Anders O. Høgetveit, Knut Høgetveit og Asbjørn O. Lauvland. Varamenn var Tarald Skjeggestad og Aanund Raustøl. 45 personar hadde skrive seg på ei medlemsliste før foreininga vart etablert. Men ikkje så få av desse figurerte på papiret utan å vere særleg aktive i arbeidet.
Kjelder
- Kjell Omland ny leiar for Evje Misjonssamband, stykke i Setesdølen nr. 18, 20. februar 2015
- Erik Kjebekk, Misjon og vekking i eit bygdesamfunn, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2002, s. 4