Hopp til innhald

Alfred Ragnvald Moseid

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. oktober 2014 kl. 09:35 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (personmal)
Alfred Ragnvald Moseid
Født: 13. oktober 1910
Død: 18. mars 1943 (32 år)

Alfred Ragnvald Moseid var fødd 13. oktober 1910, og døydde 18. mars 1943 i tysk krigsfangenskap. Han var frå Moseid i Hornnes og gift med Gunda O. Moseid (fødd Tveit) i Evje. Han vart arrestert av tyskarane 8. september 1942 og send til Kristiansand. Derifra vidare til Grini, Sachsenhausen konsentrasjonsleir og til slutt Staaken-Falkensee konsentrasjonsleir, der han altså døydde 18. mars 1943.

Namnet til Alfred Moseid er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje over dei frå Evje som sette livet til i kampen for fedrelandet i krigen 1940-1945.

Kjelde